Yggdrasil er den største konferansen for brukaroppleving og kommunikasjon i Norge, og arrangerast av Dataforeningen 17.-18. oktober i Tønsberg. Tema for årets konferanse er apps og mobile suksessløsninger.
På Yggdrasil kan du møte andre fagfolk frå ei rekke bedrifter og institusjonar, samt dyktige internasjonale foredragshaldarar. Konferansen egnar seg difor godt til faglig utvikling så vel som nettverksbygging.
Underteikna er med i komiteen i år, og planlegginga er godt i gang. No er vi på jakt etter folk som vil dele av sin kunnskap og erfaringar. Du kan bidra med:
- Kurs / tutorial (4 timar inkl. pauser)
- Workshop (2 timar inkl. pauser)
- Foredrag 40 min
- Miniforedrag 20 min
Frist for innsending av bidrag er 31. mars.
Meir informasjon og Call for presentations finn du her:
http://www.dataforeningen.no/forside.179805.no.html
Kven vil DU høyre på Yggdrasil i år? Kom gjerne med forslag til keynote speakers i kommentarfeltet under. Her har du ein eineståande mogelegheit for å møte din favoritt-guru!



2 kommentarer
Bjarte Frøyland
14.03.2011 | 10:32
Dataforeningens faggrppe for mobil strategi vil gjerne bidra (kanskje med en workshop ?)
Jon Olav
14.03.2011 | 10:59
Hei Bjarte! Vi vil gjerne at faggruppa for mobil strategi bidrar med noko – strategi er svært viktig når ein skal utvikle for ulike platformer.