Infographics: Frå infopynt til informasjonsdesign

Av 03.05.2012

9

Bilde av en hvit kvinne med et flerfarget hodeplagg.

Eksempel på statisk historiefortelling.

Infographics (også kalla informasjonsgrafikk eller infografikk) er for tida eit svært populært buzzord.

På nettet florerer bilete som nyttar form og farge for å fortelle om eit eller anna, til dømes sosiale medier. Om ein ikkje visste betre skulle ein tru at informasjonsgrafikk var eit nytt fenomen, og at det kun handlar om lange jpg-bilete på nettet. Det som er verre er at svært mange av desse bileta er eksempel på dårleg informasjongrafikk. Det er på høg tid med litt opprydding.

 

‘Infopynt’

Poenget med informasjonsgrafikk er å bruke grafikk (form, farge, typografi, symbol) for å representere informasjon eller data på ein tydeleg måte, slik at lesaren raskt får ei betre forståing av informasjonen. Før vi ser på ulike typar informasjonsgrafikk vil vi gjerne seie noko om kva det ikkje er: informasjongrafikk handlar ikkje om å illustrere dataene med søte teikneseriefigurar, fine logoar eller tal som er blåst opp og tilfeldig fargelagt.

Under er eit typisk eksempel på det vi kan kalle ’infopynt’: form og farge er brukt for å pynte på datamaterialet. For all del – det er heilt greitt å illustrere data med logoar, illustrasjonar, ulike fontar og fargar, og blåse nokre tal opp så ein ser dei frå lang avstand. Grafikken skapar rett nok eit spanande og relativt ryddig blikkfang, men den fortel oss ingenting om datagrunnlaget, som for eksempel det relative forholdet mellom dei ulike kategoriane, trendar over tid, geografisk spreiing eller årsak-verknad. Dette er illustrasjonar og fargelegging av tal, og ikkje grafisk representasjon av data.

 

Informasjonsdesign

Visuell kommunikasjon er utan tvil svært egna for å gjere kompleks informasjon meir forståeleg. Infographics handlar om meir enn infopynt, og overlappar i stor grad med andre og meir etablerte omgrep som informasjonsdesign, informasjonsvisualisering og datavisualisering. Informasjonsdesign er det mest inkluderande omgrepet, og handlar om korleis ein kan presentere informasjon på best mogeleg måte for at målgruppa skal forstå bodskapen. Det finnast mange ulike typar visuell informasjonsdesign, og for å vise nokre av ytterpunkta har vi laga ei matrise:

På den horisontale aksen har vi satt opp ’data’ og ’historier’ som ytterpunkt, inspirert av eit blogginnlegg av Alex Williams.

  • DATA. På venstre side finn vi visualiseringar av kvantitativ informasjon og data, inkludert statistikk. Når store datamengder blir visualisert er det ofte opp til brukaren sjølv å utforske, tolke og finne meining i datamaterialet, og grafikken er ofte generert automatisk frå eit datasett. Omgrepet ’datavisualisering’ vert ofte nytta om denne typen informasjonsdesign.
  • HISTORIER. På høgre side plasserer vi grafikk som viser kvalitativ informasjon som ikkje kan kvantifiserast, til dømes hendelsar over tid (historier), abstrakte omgrep og verdiar. På denne sida er det avsendaren som vel ut ei konkret historie han vil fortelje til mottakaren. Denne historia er ofte skreddarsydd og designa spesifikt i kvart enkelt tilfelle. Slik omgrepet ’infographics’ vert nytta i dag passar det best inn på denne sida.

På den vertikal aksen går vi frå ’statisk’ til ’dynamisk’.

  • STATISK. Den grafiske framstillinga forandrar seg ikkje over tid
  • DYNAMISK. Framstillinga forandrar seg over tid, enten via interaktivitet eller ved at den spelast av som ein film.

Nedanfor vil vi vise korleis ulike eksempel på informasjonsdesign passar inn i denne matrisa.

1. Statisk historiefortelling

Statisk historiefortelling handlar om korleis ein kan formidle ei historie eller verdiar ved å bruke visuelle virkemiddel i eit stillbilete eller ein illustrasjon.

Bilde av en hvit kvinne med et flerfarget hodeplagg.

Eksempel på statisk historiefortelling.

Denne informasjonsgrafikken visualiserer folk sin skepsis mot at ulike yrkesgrupper går med islamsk hovudplagg.  der sektorane av plagget indikerer kor stor del av befolkninga som er skeptisk mot at visse arbeidsgrupper skal gå med nettopp slike hovudplagg. Men først og fremst er dette ei visuell framstilling som spelar på kjenslene våre ved å fortelje ei uventa historie gjennom fotografi, tal og grafikk. Biletet gjev bokstaveleg talt informasjonen eit ansikt, og gjer dermed noko abstrakt om til noko svært konkret vi må ta stilling til. I motsetning til infopynt er grafikken og biletet her det bærande kommunikasjonselementet.

2. Statisk datavisualisering

I statisk datavisualisering nyttast visualiseringa som eit verktøy for å presentere, analysere og tolke kvantitative data. Datavisualisering involverer ofte store mengder data, og har i lang tid blitt brukt i forsking og statistikk. Ved å vise fram data visuelt blir det til dømes mogeleg å avdekke mønster, trendar og korrelasjon (samanheng mellom to eller fleire variablar).

Diagrammet kallast eit ’flow map’ og viser storleiken på Napoelon sin hær.

Dette diagrammet er rekna som eit av dei første eksempla på informasjonsvisualisering, og vart laga av Charles Minard i 1869. Diagrammet kallast eit ’flow map’ og viser storleiken på Napoelon sin hær som reiste til Moskva, plotta inn på eit kart. Tjukkelsen på den beige streken indikerer størrelsen på den franske hæren på veg til Moskva (oppe til høgre), mens den svarte viser dei som klarte å kome tilbake. Nedst i diagrammet er temperaturen for returen plotta inn, slik at ein kan studere samanhengen mellom temperatur og dødsfall. Sjølv om visualiseringa indirekte fortel ei historie er dette først og fremst ei framstilling av kvantiative data, der den visuelle framstillinga gjer at det store tapet av soldatar blir svært tydeleg for lesaren.

3. Dynamisk datavisualisering

I dynamisk visning av data kan ein i større grad involvere brukarane ved å la dei utforske data etter eige ønske, og gjer det dermed mogeleg å utforske spesifikke utsnitt av informasjonen. Eit godt eksempel på datavisualisering er OECD Better Life Index. Denne løysinga lar brukaren utforske data om levevilkår i forskjellige land. Ein kan filtrere på ulike parameter, og som eit resultat blir land rangert i forhold til kvarandre. I tillegg kan brukaren hente opp meir informasjon om kvart land. Applikasjonen kan dermed nyttast som eit verktøy for å utforske og samanlikne ulike variablar og land, og er eit også godt eksempel på at det er mogeleg å visualisere data på en estetisk måte.

4. Dynamisk historiefortelling

I dynamisk historiefortelling kombinerast mange verkemiddel over tid, som bevegelse, lyd og interaksjon i tillegg til grafikk. Under er ein video som nyttar motion graphics for å fortelle ei historie om å vekse opp.

Kombinasjonen av grafikken og barnestemma er svært effektfullt, og treff oss ved å spele på kjenslene våre. Dette handlar også i stor grad om ’tone of voice’; det hadde ikkje vore det same om ein vaksen mann fortalte historia utan innleving. I motsetning til infopynt er grafikken her brukt aktivt for å fortelle ei historie. Videoen er eit godt eksempel på at ein ikkje bør bruke alle verkemiddel på en gang, men reindyrke nokre verkemiddel for å skape eit tydeleg og heilskapleg historie.

La form følge innhald og funksjon

Neste gong du har tenkt å lage ein infopynt, spør deg sjølv om det verkeleg er den beste måten å formidle informasjonen din på. Som vi har sett finnast det mange andre og svært effektive måtar å nytte grafikk for å gjere data meir forståelege, og fortelle engasjerande historier. Kva visualisering som er best for deg kjem sjølvsagt an på kva data eller historie du vil formidle. I tillegg må du tenke på kva du vil oppnå: kva funksjon skal visualiseringa ha? Kven skal den snakke til? Dersom du veit svara på desse spørmåla er du eit godt stykke på veg for å unngå å havne i infopynt-fella.

OPPDATERING: For dei som vil lære meir om informasjonsgrafikk arrangerer Dataforeningen eit heildagsseminar torsdag 31. mai, der du vil lære å bruke grafikk for å presentere informasjon på ein tydeleg måte. Programmet til Infographics 2012 finner du her. For ein smakebit, sjekk ut nettsida til Gert Nielsen.

Innhaldet i dette innlegget vart utarbeidde saman med Jan Fredrik Schønheyder til eit frukostseminar om infographics tidlegare i vår. Takk til Marianne Stokke for gode innspel.

Jon Olav Eikenes

Innlegg

9 Kommentarer

  1. Flott innlegg, men ser ut som du har glemt å legge inn lenke til napoleon-eksemplet?

  2. Kjempebra innlegg Jon Olav!

    Det er på høy tid å plukke buzzen rundt “infographics” litt fra hverandre. Mye av buzzen har oppstått og eksisterer rundt lange JPGer med infopynt, men det er ikke der du finner de virkelig gode eksemplene.

    Selv om det er fint å få et skille mellom hva som er “ekte” informasjonsgrafikk og hva som er infopynt, så er det viktigste at man faktisk har en tanke om hva man vil oppnå. Uten mål og mening vil det bli dårlig resultat uansett hvor Edward Tuftete man gjør selve visualiseringen.

    PS: Og bare en liten utblåsning på slutten: Kan vi ikke bare slutte å kalle det “infographics”? (Jeg har til og med hørt og sett dette i fornorsket flertall: “infographicsene”). Kan vi ikke bare kalle det informasjonsgrafikk/infografikk? Infopynt er forresten nå en del av mitt vokabular :-)

  3. Bra innlegg, Jon Olav :)

    Etter å ha lest Tufte for et par år siden for å se på hvordan det er mulig å forbedre forståelsen av webstatistikk fikk jeg en viss forståelse for informasjonsdesign. Men jeg manglet rett og slett argumenter da jeg skulle konfrontere noen kolleger i Gjensidige med at infografikk ikke handler om å pynte på grafer og tall.

    Nå fremstår det tindrende klart for meg, og det skal bli moro å se hvordan vi kan utnytte infografikk på Min side for eks.vis å vise hvilke dekninger våre forsikringskunder trenger. Eller kanskje mitt eget ølkonsum fordelt geografisk (bryggeriets lokalisering) og på volum. En stor boble i Stavanger for tiden (Lucky Jack :)

  4. @Thomas Takk, det var litt krøll med bileta i starten, men no skal alle bileta vere på plass. Napoleon-biletet finn du på Wikipedia: http://en.wikipedia.org/wiki/File:Minard.png

    @Øyvind, Takk for det. Eg er einig i at vi bør halde oss til norske ord så langt det er mogeleg. Dilemmaet er at i desse søkemotor-tider risikerer ein å ikkje få med seg alle som har fått for seg at det heiter ‘infographics’.. Dette blir sjølvsagt ein sjølvforsterkande sirkel som er uheldig, men sånn blir det vel ofte med trend-ord.

  5. Flott post, Jon Olav!

    Jeg liker å sammenligne det med modernisme i design og arkitektur – de opprinnelige ideene er først og fremst videreført som en stilart. Anbefaler forøvrig å følge Tumblr’n til graphics-gjänget i New York Times http://chartsnthings.tumblr.com/ Et interessant innblikk i prosessen, skissene og tankene som ligger bak infografikken.

  6. @Bjørn Takk! Forsikringsbransjen har definitivt masse å hente på å presentere informasjon på ein forståeleg måte. Av og til kan ein få inntrykk av at informasjonen presenterast på ein dårleg måte for at brukarane skal kjøpe eit produkt dei ikkje forstår. Så ja takk til infografikk kombinert med klarspråk (http://www.sprakrad.no/klarsprak/) i forsikringsbransjen!

    @Johan Takk! Ja, det er ei interessant samanlikning. Infografikk har definitivt blitt ein eigen sjanger (eller stilart om du vil), kjenneteikna av visse grafiske verkemiddel, utan at det nødvendigvis er så masse informasjonsvisualisering involvert. Eg er usikker på om dette er eit problem i seg sjølv, men det er tydeleg at det skapar stor forvirring om kva visualisering av informasjon og data eigentleg handlar om. I manga samanhengar kan det sikkert vere hensiktsmessig for å skille seg ut i mengda og pynte på eit kjedeleg tema. Takk for lenke til chartsnthings, har stor respekt for informasjonsgrafikken i New York Times! Interessant å sjå prosessen bak.

  7. Marianne Stokke

    09.05.2012 kl 22:16

    Bra oppsummert Jon Olav, fine eksempler. Jeg liker å tenke på hvilke sanser som er viktigst i fortellingen av en historie. Det å utelate noen virkemidler gjør at de andre kommer tydeligere frem og kan skape mer spenstig uttrykk.

  8. Takk for godt innlegg! Alltid interessant med infographics :)

Leave a Reply

*

Text formatting is available via select HTML. <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>