Jon Olav Eikenes

Sosiale media og rike grensesnitt

Digitale tjenester 2 kommentarer

Grensesnitt og sosiale mediaNår det er snakk om sosiale media er det ofte fokus på brukarar og innhald. Tyder dette på at design av grensesnitt ikkje er relevant for sosiale media? Nei.

Grensesnitt støtter dialog

Dersom ein vil utvikle ein applikasjon eller nettstad som skal ha sosial funksjonalitet, er det viktig å tenke på korleis grensesnittet kan støtte opp under dialogen mellom brukarane.

Utforminga av ein applikasjon eller nettside har konsekvensar for kva brukarane kan gjere, og ikkje minst kva dei blir oppfordra til å gjere. ’Like’-knappen på Facebook er eit godt eksempel på dette. Knappen er lett tilgjengeleg og gjer at det er enkelt å oppmuntre kvarandre, og er dermed med på å forsterke ein positiv sosial dialog.

Kan ein så tenke seg at rike grensesnitt til sosiale media kan ha noko for seg? Her tenker eg på grensesnitt som integrere bruk av tekst, video, bilete, animasjon og grafikk.

Ettersom folk deler enorme mengder av innhald i form av tekst, bilete og video, er det eit stort behov for å utforske dette innhaldet på ein god og engasjerande måte. Samtidig forventar brukarane eit sofistikert og dynamisk grensesnitt; etter at Apple lanserte iPhone og iPad har både brukarar og bedrifter fått opp augene for muligheitene og potensialet av grensesnitt som på ein god måte integrerer rikt innhald, form og funksjon.

Rike grensesnitt med sosial funksjonalitet

Mange grensesnitt til sosiale media er relativt tradisjonelt utforma, men det finnast gode eksempel på rike grensesnitt med sosial funksjonalitet. Min favoritt så langt er Flipboard for iPad. Dette er ein applikasjon som hentar innhald frå Twitter og Facebook, og presenterer innhaldet som eit magasin (sjå video). Ein navigerer i innhaldet ved å bla frå side til side, og kan sjølv bidra ved å kommentere, re-tvitre eller like innlegga.

(Dette er for øvrig ein god demonstrasjon på kor effektivt video kan vere for å forklare, demonstrere og marknadsføre ein applikasjon.)

Det er oversiktleg og enkelt å navigere i Flipboard. Mens dei fleste Twitter-grensesnitt kun viser tweets og tekstlenker, hentar Flipboard inn innhaldet som blir referert til (video, bilete og nettsider) og presenterer dette på ein elegant og oversiktleg måte. I tillegg tilfører referansen til papirmagasinet eit snev av profesjonalitet og glamour til opplevinga, der visuell utforming og interaksjon er godt integrert. Denne applikasjonen kan sjølvsagt ikkje erstatte Facebook sine nettsider, sidan det er mange funksjonar som manglar. Men den fungerer som eit godt og engasjerande supplement.

Min spådom er at vi har sett starten på rike grensesnitt til sosiale media. Norske innhaldsprodusentar og bedrifter har her eit stort potensiale for å skape sosial interaksjon gjennom engasjerande grensesnitt.

Veit du om andre eksempel på rike grensesnitt til sosiale media?

Jon Olav er nyansatt i Halogen, og har nyleg levert doktorgradsavhandling på bruk av visuell bevegelse i skjermgrensesnitt (’kinetic interface design’), også knytt opp mot sosiale medier.