Yggdrasil 2011 – vil du bidra?

Jon Olav Eikenes

Yggdrasil 2011 – vil du bidra?

Tjenestedesign 2 kommentarer

Yggdrasil er den største konferansen for brukaroppleving og kommunikasjon i Norge, og arrangerast av Dataforeningen 17.-18. oktober i Tønsberg. Tema for årets konferanse er apps og mobile suksessløsninger.

På Yggdrasil kan du møte andre fagfolk frå ei rekke bedrifter og institusjonar, samt dyktige internasjonale foredragshaldarar. Konferansen egnar seg difor godt til faglig utvikling så vel som nettverksbygging.

Underteikna er med i komiteen i år, og planlegginga er godt i gang. No er vi på jakt etter folk som vil dele av sin kunnskap og erfaringar. Du kan bidra med:

  • Kurs / tutorial (4 timar inkl. pauser)
  • Workshop (2 timar inkl. pauser)
  • Foredrag 40 min
  • Miniforedrag 20 min

Frist for innsending av bidrag er 31. mars.

Meir informasjon og Call for presentations finn du her:

http://www.dataforeningen.no/forside.179805.no.html

Kven vil DU høyre på Yggdrasil i år? Kom gjerne med forslag til keynote speakers i kommentarfeltet under. Her har du ein eineståande mogelegheit for å møte din favoritt-guru!