Design med Prezi

Jon Olav Eikenes

Design med Prezi

Tjenestedesign 6 kommentarer

Av og til dukkar det opp nye verktøy som gjer at måten ein arbeider på vert forandra. Møt Prezi – eit verktøy som kan betre arbeidsdagen din.

Presentasjonsverktøy i designprosessen

Kva behov har designarar når dei nyttar eit presentasjonsverktøy? For min eigen del har eg eit stort behov for å vise fram og diskutere skisser i møter med kundar. Presentasjon av skisser og idear er ein viktig del av designprosessen.

Før projektorane si tid var det vanleg at designarar lagde store plansjar eller hengte opp store mengder skisser på veggen. På den måten fikk ein oversikt over alt materialet, samtidig som ein lett kunne gå nærare for å studere enkelte skisser i detalj. Med PowerPoint og Keynote mister ein dette oversiktsbiletet, og vert låst til ein sekvensiell ’bilde-for-bilde’ struktur som minner mest om ei gamaldags lysbilde-framsyning. Rett nok går det greitt så lenge ein skal vise fram nokre få trådskisser, men med mange skisser, detaljerte illustrasjonar og video vert det fort kluss.

PowerPoint og Keynote nyttar lysbilde-metafor. På tide å kome seg vidare? (Niikesch/Flickr)

I Halogen har vi mange prosjekt der vi designar komplekse og innovative applikasjonar for profesjonelle brukarar, og vi må raskt skisse ut ulike typar funksjonalitet og interaksjonsformer. Til dette formålet lagar eg ofte ’videoskisser’ – korte videosnuttar som demonstrerer korleis brukaren utfører ei handling, og viser korleis noko forandrar seg på skjermen. Sjølv om ein video ikkje er like effektivt som ein fungerande prototype for å få ei kjensla av korleis applikasjonen opplevast i bruk, kjem ein svært nært på relativt kort tid. Men video og PowerPoint passar dårleg saman.

Prezi

Tanken bak Prezi er enkel nok: legg bilete, tekst, PDF-filer og video på eit stort lerret, og la tilskodaren bevege seg rundt på dette lerretet. Ein kan bevege seg fritt fram og tilbake, zoome inn og ut, og rotere lerretet (eller kameraet, alt etter korleis ein ser på det). På førehand kan det lagast ein sti som tilskodaren vert ført gjennom, basert på spesifikke bildeutsnitt. Vanlegvis lagar ein presentasjonen på www.prezi.com, og kan deretter sjå det ferdige resultatet via nettet eller laste ned filene for å vise presentasjonen lokalt utan å vere avhengig av nett.

Grunna konfidensialitet kan eg dessverre ikkje vise presentasjonar eg har gjort for kundar. Difor har eg laga ein kort presentasjon av eit eksperiment eg gjorde på tampen av fjordåret.

Sjå gjerne presentasjonen i fullskjerm. Dei tre videoskissene er omlag 10 sekund lange og startar av seg sjølve.

Er det vanskelig å lage ein Prezi-presentasjon?

Ja og nei. Grensesnittet til Prezi er rett nok svært utradisjonelt, så ein må rekne med å bruke litt tid på å lære seg korleis det fungerer. Men i utganspunktet er det minst like enkelt å lage ein Prezi-presentasjon som det er å lage ein PowerPoint-presentasjon. Derimot kan det ta litt tid dersom ein vil eksperimentere litt og lage ein flott presentasjon; arbeidet kan på mange måtar samanliknast med å lage ein stor plakat. Dette krev også læring og trening.

Kreativ formidling

Ein av dei fremste fordelane med Prezi er at ein enkelt og tydeleg kan flytte seg mellom oversiktsbilete og detaljvisningar, og visuelt vise relasjonar mellom ulike element. Eit visuelt hierarki kan skapast ved å gruppere ting som heng saman og zoome inn på undergrupper og detaljar. Ein unngår problemet med at ein går tom for plass på ein slide: her kan ein alltid kan utvide bildeutsnittet. Der PowerPoint tviheld på sin lysbildemetafor, nyttar Prezi navigasjon som vi elles kjenner frå kart-applikasjonar og film. Brukt på rett måte opnar dette for ein meir logisk og oversiktleg presentasjon. I tillegg er det ikkje til å feie under ein stol at wow-faktoren – enn så lenge – er relativt stor.

Prezi sin verktøypalett.

Vidare er det enkelt å inkludere alt frå tekst, video og bilete til PDF-filer og YouTube-klipp, og ein slepp å frykte gigantiske epost-vedlegg – ei lenke er nok. Fleire personar kan arbeide på den same presentasjonen, og ein kan kopiere element frå eit dokument til eit anna. Presentasjonane kan deretter delast på nettsider og bloggar.

Kan det bli betre?

Sjølv om Prezi er befriande på mange måtar har det som alle andre verktøy også sine avgrensingar og ulemper.

For å lage og sjå Prezi-presentasjonar må Flash vere installert. Dette er sjølvsagt ein ulempe, spesielt når det gjeld deling på nett og bruk av nettbrett.

Mange vil nok sakne muligheiter for å lage enkle animasjonar. I Prezi kan ein berre flytte kameraet eller heile lerretet; ein kan ikkje flytte bilete eller tekst, og heller ikkje la nye element dukke opp undervegs. På den andre sida unngår ein på denne måten bruk av usmakelege PowerPoint-effektar..

Prezi tillèt heller ikkje interaktivitet ut over å bevege seg rundt på lerretet og navigere i videoar. Her hadde det vore spennande om ein kunne legge til meir funksjonalitet, som t.d. å nytte knappar og sliders for å manipulere innhaldet i presentasjonen. Rett nok kan ein importere interaktive Flash-filer, men det krev at brukaren har koda desse i ActionScript3, og dermed er terskelen relativt høg.

Prezi-tips

Akkurat som PowerPoint vert misbrukt av mange, kan også Prezi misbrukast. Ein berg-og-dal-bane-presentasjon kan i verste fall resultere i svimmelhet, og dra fokus vekk frå bodskapen i presentasjonen. Eg har sett mange eksempel på uoversiktlege Prezi-presentasjonar som ikkje utnytter dei positive muligheitene, men snarare øydelegg for formidlinga. Her er nokre tips på tampen:

  • Planlegg og teikn nokre skisser på papir før du lagar presentasjonen
  • Finn fram til ei logisk organisering av innhaldet som passar til historia du vil fortelle
  • Skap eit visuelt hierarki ved å skalere innhald og overskrifter. Grupper innhald som naturleg høyrer saman. Zoom inn for å snakke om detaljar, zoom ut for å snakke om heilskapen
  • Bruk visuelle verkemiddel som piler, strekar og grafikk for å forklare relasjonar, prosessar og retning
  • Avgrens bruk av bevegelse, zoom og rotasjon. Det er fort gjort å dette av lasset, eller i verste fall bli svimmel, og tilskodarane vil sette pris på å vite kvar i presentasjonen dei er.

Kva synest DU om Prezi? Er det eit verdig alternativ til PowerPoint? Er det på tide å legge frå seg lysbildemetaforen?