Infographics: Frå infopynt til informasjonsdesign

Jon Olav Eikenes

Infographics: Frå infopynt til informasjonsdesign

Tjenestedesign 9 kommentarer
Bilde av en hvit kvinne med et flerfarget hodeplagg.
Eksempel på statisk historiefortelling.

Infographics (også kalla informasjonsgrafikk eller infografikk) er for tida eit svært populært buzzord.

På nettet florerer bilete som nyttar form og farge for å fortelle om eit eller anna, til dømes sosiale medier. Om ein ikkje visste betre skulle ein tru at informasjonsgrafikk var eit nytt fenomen, og at det kun handlar om lange jpg-bilete på nettet. Det som er verre er at svært mange av desse bileta er eksempel på dårleg informasjongrafikk. Det er på høg tid med litt opprydding.

 

‘Infopynt’

Poenget med informasjonsgrafikk er å bruke grafikk (form, farge, typografi, symbol) for å representere informasjon eller data på ein tydeleg måte, slik at lesaren raskt får ei betre forståing av informasjonen. Før vi ser på ulike typar informasjonsgrafikk vil vi gjerne seie noko om kva det ikkje er: informasjongrafikk handlar ikkje om å illustrere dataene med søte teikneseriefigurar, fine logoar eller tal som er blåst opp og tilfeldig fargelagt.

Under er eit typisk eksempel på det vi kan kalle ’infopynt’: form og farge er brukt for å pynte på datamaterialet. For all del – det er heilt greitt å illustrere data med logoar, illustrasjonar, ulike fontar og fargar, og blåse nokre tal opp så ein ser dei frå lang avstand. Grafikken skapar rett nok eit spanande og relativt ryddig blikkfang, men den fortel oss ingenting om datagrunnlaget, som for eksempel det relative forholdet mellom dei ulike kategoriane, trendar over tid, geografisk spreiing eller årsak-verknad. Dette er illustrasjonar og fargelegging av tal, og ikkje grafisk representasjon av data.

 

Informasjonsdesign

Visuell kommunikasjon er utan tvil svært egna for å gjere kompleks informasjon meir forståeleg. Infographics handlar om meir enn infopynt, og overlappar i stor grad med andre og meir etablerte omgrep som informasjonsdesign, informasjonsvisualisering og datavisualisering. Informasjonsdesign er det mest inkluderande omgrepet, og handlar om korleis ein kan presentere informasjon på best mogeleg måte for at målgruppa skal forstå bodskapen. Det finnast mange ulike typar visuell informasjonsdesign, og for å vise nokre av ytterpunkta har vi laga ei matrise:

På den horisontale aksen har vi satt opp ’data’ og ’historier’ som ytterpunkt, inspirert av eit blogginnlegg av Alex Williams.

  • DATA. På venstre side finn vi visualiseringar av kvantitativ informasjon og data, inkludert statistikk. Når store datamengder blir visualisert er det ofte opp til brukaren sjølv å utforske, tolke og finne meining i datamaterialet, og grafikken er ofte generert automatisk frå eit datasett. Omgrepet ’datavisualisering’ vert ofte nytta om denne typen informasjonsdesign.
  • HISTORIER. På høgre side plasserer vi grafikk som viser kvalitativ informasjon som ikkje kan kvantifiserast, til dømes hendelsar over tid (historier), abstrakte omgrep og verdiar. På denne sida er det avsendaren som vel ut ei konkret historie han vil fortelje til mottakaren. Denne historia er ofte skreddarsydd og designa spesifikt i kvart enkelt tilfelle. Slik omgrepet ’infographics’ vert nytta i dag passar det best inn på denne sida.

På den vertikal aksen går vi frå ’statisk’ til ’dynamisk’.

  • STATISK. Den grafiske framstillinga forandrar seg ikkje over tid
  • DYNAMISK. Framstillinga forandrar seg over tid, enten via interaktivitet eller ved at den spelast av som ein film.

Nedanfor vil vi vise korleis ulike eksempel på informasjonsdesign passar inn i denne matrisa.

1. Statisk historiefortelling

Statisk historiefortelling handlar om korleis ein kan formidle ei historie eller verdiar ved å bruke visuelle virkemiddel i eit stillbilete eller ein illustrasjon.

Bilde av en hvit kvinne med et flerfarget hodeplagg.
Eksempel på statisk historiefortelling.

Denne informasjonsgrafikken visualiserer folk sin skepsis mot at ulike yrkesgrupper går med islamsk hovudplagg.  der sektorane av plagget indikerer kor stor del av befolkninga som er skeptisk mot at visse arbeidsgrupper skal gå med nettopp slike hovudplagg. Men først og fremst er dette ei visuell framstilling som spelar på kjenslene våre ved å fortelje ei uventa historie gjennom fotografi, tal og grafikk. Biletet gjev bokstaveleg talt informasjonen eit ansikt, og gjer dermed noko abstrakt om til noko svært konkret vi må ta stilling til. I motsetning til infopynt er grafikken og biletet her det bærande kommunikasjonselementet.

2. Statisk datavisualisering

I statisk datavisualisering nyttast visualiseringa som eit verktøy for å presentere, analysere og tolke kvantitative data. Datavisualisering involverer ofte store mengder data, og har i lang tid blitt brukt i forsking og statistikk. Ved å vise fram data visuelt blir det til dømes mogeleg å avdekke mønster, trendar og korrelasjon (samanheng mellom to eller fleire variablar).

Diagrammet kallast eit ’flow map’ og viser storleiken på Napoelon sin hær.

Dette diagrammet er rekna som eit av dei første eksempla på informasjonsvisualisering, og vart laga av Charles Minard i 1869. Diagrammet kallast eit ’flow map’ og viser storleiken på Napoelon sin hær som reiste til Moskva, plotta inn på eit kart. Tjukkelsen på den beige streken indikerer størrelsen på den franske hæren på veg til Moskva (oppe til høgre), mens den svarte viser dei som klarte å kome tilbake. Nedst i diagrammet er temperaturen for returen plotta inn, slik at ein kan studere samanhengen mellom temperatur og dødsfall. Sjølv om visualiseringa indirekte fortel ei historie er dette først og fremst ei framstilling av kvantiative data, der den visuelle framstillinga gjer at det store tapet av soldatar blir svært tydeleg for lesaren.

3. Dynamisk datavisualisering

I dynamisk visning av data kan ein i større grad involvere brukarane ved å la dei utforske data etter eige ønske, og gjer det dermed mogeleg å utforske spesifikke utsnitt av informasjonen. Eit godt eksempel på datavisualisering er OECD Better Life Index. Denne løysinga lar brukaren utforske data om levevilkår i forskjellige land. Ein kan filtrere på ulike parameter, og som eit resultat blir land rangert i forhold til kvarandre. I tillegg kan brukaren hente opp meir informasjon om kvart land. Applikasjonen kan dermed nyttast som eit verktøy for å utforske og samanlikne ulike variablar og land, og er eit også godt eksempel på at det er mogeleg å visualisere data på en estetisk måte.

4. Dynamisk historiefortelling

I dynamisk historiefortelling kombinerast mange verkemiddel over tid, som bevegelse, lyd og interaksjon i tillegg til grafikk. Under er ein video som nyttar motion graphics for å fortelle ei historie om å vekse opp.

Kombinasjonen av grafikken og barnestemma er svært effektfullt, og treff oss ved å spele på kjenslene våre. Dette handlar også i stor grad om ’tone of voice’; det hadde ikkje vore det same om ein vaksen mann fortalte historia utan innleving. I motsetning til infopynt er grafikken her brukt aktivt for å fortelle ei historie. Videoen er eit godt eksempel på at ein ikkje bør bruke alle verkemiddel på en gang, men reindyrke nokre verkemiddel for å skape eit tydeleg og heilskapleg historie.

La form følge innhald og funksjon

Neste gong du har tenkt å lage ein infopynt, spør deg sjølv om det verkeleg er den beste måten å formidle informasjonen din på. Som vi har sett finnast det mange andre og svært effektive måtar å nytte grafikk for å gjere data meir forståelege, og fortelle engasjerande historier. Kva visualisering som er best for deg kjem sjølvsagt an på kva data eller historie du vil formidle. I tillegg må du tenke på kva du vil oppnå: kva funksjon skal visualiseringa ha? Kven skal den snakke til? Dersom du veit svara på desse spørmåla er du eit godt stykke på veg for å unngå å havne i infopynt-fella.

OPPDATERING: For dei som vil lære meir om informasjonsgrafikk arrangerer Dataforeningen eit heildagsseminar torsdag 31. mai, der du vil lære å bruke grafikk for å presentere informasjon på ein tydeleg måte. Programmet til Infographics 2012 finner du her. For ein smakebit, sjekk ut nettsida til Gert Nielsen.

Innhaldet i dette innlegget vart utarbeidde saman med Jan Fredrik Schønheyder til eit frukostseminar om infographics tidlegare i vår. Takk til Marianne Stokke for gode innspel.