Historier knuser big data

Jon Olav Eikenes

Historier knuser big data

Digitale tjenester Ingen kommentarer

For ei veke sidan deltok eg på eit arrangement om historiefortelling og big data i Los Angeles, kalla That Time a Story Kicked Big Bad Data’s Ass. Arrangementet likna på mange måtar på eit norsk frukostseminar. Men medan norske frukostseminar stort sett er innandørs, var dette seminaret i badebassenget (!) til ganstergartnaren Ron Finley. Heldigvis var bassenget tomt for vatn!

GameChangers, som arrangerte seminaret, er eit konsulentselskap som nyttar improvisasjonsteknikkar og historieforteljing for å hjelpe bedrifter å utvikle betre kommunikasjon og merkevarestrategi. Ikkje uventa var seminaret prega av gode historier og ulike former for improvisasjon, som gjorde seminaret svært så minneverdig.

Datatyranniet

Temaet for kvelden var forholdet mellom data og historieforteljing. Sjølv om GameChangers meiner at big data har ein tydeleg nytteverdi, var hovudbodskapen at vi treng historier for å forstå og kommunisere data, og at historieforteljing kan gjere mykje som store datamengder ikkje kan. Store datamengder utan historier fører til ’infobesity’ – vi druknar i informasjon som ikkje betyr noko for oss. Mike Bonifer frå GameChangers påpeikte at historier kan skape visjonar for framtida, medan data kun viser eit statisk bilete av fortida. Historier engasjerer oss her og no, og snakkar direkte til det underbevisste.

Historietyranniet

Men historier har også ei mørkare side. Historier og historieforteljarar kan forføre oss til å handle basert på falske premiss. I verste fall kan det til dømes bety at eit land går til krig mot anna land, basert på løgner. Med andre ord er historier egna for misbruk, akkurat som data og statistikk enkelt kan misbrukast.

Visualisering av data og historier

Det å samanlikne data og historier er på mange måtar som å samanlikne eple og pærer. Eg er einig i at data treng å formidlast gjennom historieforteljing dersom ein ynskjer å kommunisere noko spesifikt. Men om ein til dømes skal utforske og analysere data kan det tvert i mot vere eit poeng å visualisere og presentere data utan ei tydeleg historie. Ei slik visualisering kan la brukarane navigere og utforske datamaterialet sjølve, og dermed finne sine eigne historier. På denne måten kan ein kanskje sjå på store data som eit univers av historier? Kva meiner du om ’big data’, datavisualisering og historieforteljing? Er det eit problem at data blir visualisert utan å vere pakka inn i ei tydeleg historie?

Jon Olav er for tida i Los Angeles der han forskar på datavisualisering ved USC School of Cinematic Arts. Samtidig arbeider han deltid for Halogen.